mandag 5. mars 2012

Eit kulturelt hjarte

Arktisk kultursenter er eit signalbygg som står i Hammerfest. Det var ferdigbygd i 2008, og arkitekt på huset er Arkitektlaboratoriet, ofte forkorta til A-Lab.

Huset har raud kledning, som igjen er dekka med glas. På desse glasa er det snøkrystallar, og desse snøkrystallane blir lyst opp av LED lys når det er mørkt ute. Så då lyser heile huset i ein kald blå farge, som passar ganske bra inn i det litt artiske miljøet ein ser for seg at det er i Hammerfest.

Bygget er veldig geometrisk og enkelt, men likevel gjer det veldig mykje ut av seg på grunn av måten dei har framstilt det på.

Bygget er eit kulturhus, og det rommar kulturskule, dansestudio, kino og litt andre små ting. Planane med eit slikt kulturbygg hadde vore planlagt i 17 år før det blei begynt på, og det blei heldt ein arkitektkonkurranse i samband med at dette kultursenteret skulle byggast. Denne konkurransen var det veldig mange arkitektar frå heile verda som var med i, og det er den største opne arkitektkonkurransen i Norge om ein ser vekk i frå Operaen i Oslo. Det var 171 deltakarar, og som me no veit var det A-Lab som i 2004 vann det heile.

Aftenposten skriv i ein artikkel:

”Kultursenteret inngår i en større utvikling av Hammerfests havnefront, og er finansiert av eiendomsskatt fra Melkøya. Sammen med Melkøyas flammer og de opplyste tankskipene som venter på å bli fylt med flytende gass, danner AKS et bilde på det nye Hammerfest.”

Nettsida til Arktisk Kultursenter kan du besøke HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar