mandag 5. mars 2012

Plaza de España

Plaza de España vart bygd i 1928 og er bygd i parken Maria Luisa (Parque de María Luisa), Sevilla, Spania. Bygningen var hovudprosjektet under Exposición Iberoamericana i 1929 og hovudarkitekten var Aníbal Gonzáles. 
Plaza de España er ein stor murbygning i ein halvsirkel, med to tårn i kvar ende. Ute i halvsirkelen til bygningen er det 500-meter med kanalar, med fire bruer som krysser. Kvar bru representerer dei gamle kongedømma, Castilla, Aragon, Navarra og Granada. I midten av det heile er det ei stor fontene. Under bygginga var det diskusjonar om høgda på tårna. Nokre meinte dei ville skjemme la Giralda og Forestier, fordi ein kunne sjå dei frå store deler av Sevilla. 
Bygningen er i renesanse/neo-moorish, men Aníbal Gonzáles var også inspirert av resten av Sevilla. Byen har ein lang historie, som har sett sine spor i arkitekturen. Blandt anna har byen fleire arabiske preg, som ein kan sjå igjen mange plassar i byen (bla. i Alzares). Langs veggane til bygningen er det nisjear eller alkover, med azulejos eller malt keramiske fliser, som representerer dei ulike provinane i Spania. Kvar nisje er dekorert ulikt med eit bilete av regionen på bakken og med våpensjoldet over.

Etter utstillinga vart det hovudkvarteret til millitærregjeringa og det vart oppholdstaden til kapteinen. Seinare har deler vorte til eit militær museum og resten offentlege kontorer. I 2010 vart det pussa opp  for 14 millionar euro. Her fekk dei blandt anna nye benkar og keramiske gatelykter. 

Eg har ikkje funne bileter eller noko stilen på innsida av bygget, men utsida er nok til at plassen har besøkande kvar dag. 

Post kort frå Sevilla. Her ser ein bygningen frå lufta.

Bilete frå episode II i STAR WARS saga Attack of the clones, der plaza de españa vart brukt som eit palass på planeten Naboo. Plassen har vorte brukt i andre filmar, som Lawrence of Arabia og The Dictator.

Nisje av Barcelona regionen

Ein av dei mange fargerike kjeramikk ytsmykkingane på utsida av Plaza de España

Typiske korintiske søyler og  runde buar

Tårnet i sør og litt av fontena


Kjelder:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar