mandag 19. desember 2011

Bærekraftig design

Berekraftig design


Berekraftig design går ut på å finna løysingar der designprodukt forårsakar lågare miljøbelasting. Det skal bli tatt omsyn til både miljø, kvalitet, teknologi, estetikk, etikk og ergonomi. Omgrepet berekraftig design blir ofte brukt parallelt med omgrepet økodesign. Det vil seia miljødesign, design der det er sterkt fokus på at miljøet skal ta minst mogleg skade av designinga.

Berekraftig design kan vera svært mykje forskjellig. Det kan vera alt frå hus som er laga for å ikkje skada naturen til små bruksgjenstandar som er laga og utforma på ein miljøvenleg måte. Det er likevel svært mykje anna som går inn i omgrepet berekraftig design. Blant anna er miljømerka som blir utforma for ulike varer eksempel på berekraftig design.

Eit av desse miljømerka er svanemerket. Det er det offisielle nordiske miljømerket. Mange trur at svanemerket berre vart laga for at folk skal sjå kva varer som er miljøvenlege. Det er likevel to grunnar til at svanemerket vart laga. Det eine er sjølvsagt at forbrukarane skal vera klar over kva produkt som er miljøvenlege og slik skal kunna foreta gode miljøvurderingar. Det andre er at merket skal påverka produsentane til å laga miljøtilpassa varer og tenester. Det blir lagt stor vekt på at for å få svanemerket må varene eller tenestene vera svært miljøtilpassa heile vegen frå råvare til produksjon, bruk og avfallshandtering.

Fair Trade er eit anna merke som skal hjelpa forbrukarane å gjera gode bevisste val av produkt. Fair Trade skal sikre produsenten av ei vare eit minimum av rettigheitar. Blant anna er dette garantert minsteløn, løn ved sjukdom og liknande og retten til å danna fagforeiningar. Omgrepet Fair Trade er mest brukt i forbinding med handel mellom I-land og U-land. Ofte er rettane til arbeidarar i U-land dåleg ivaretekne. Bønder og andre arbeidarar i U-land må arbeida under slaveliknande forhold, medan mellomledda i handelen tenar mykje meir enn dei burde. Fair Trade prøver derfor å sørgja for at varene går mellom så få mellomledd som mogleg på vegen frå produsent til sluttforbrukar.

Nøkkelhullmerket er også eit slikt merke. Det skal hjelpa folk til å kjøpa sunnare mat. Både i Noreg, Sverige og har myndigheitene avgjort at nøkkelhullsmerket skal vera symbolet for sunnare matvarer. Mat og helsetilsynet i dei tre landa har saman avgjort kva kriterium som skal avgjera kven som får nøkkelhullsmerket. Kosthaldsutfordringane  er mykje dei same i heile Norden. Det gjer at samarbeidet fungerar naturleg mellom landa.

tirsdag 13. desember 2011

Oppsirkulering

Oppsirkulering
Oppsirkulering? Kva er det? Oppsirkulering er det norske ordet for "upcycling", og det går ut på å bruke ting for å lage nye ting. Det blir ikkje det same som å resirkulere, for då brukar ein kanskje berre nokon delar av tingen ein skal resirkulere, og når ein resirkulerer øydelegg ein ofte tingen for så å skapa noko nytt... Flasker blir blant anna resirkulert. 

Når det gjelder oppsirkulering er det berre til å vere kreativ! Ein kan omtrent lage noko av kva som helst, og på den måten unngå å kaste ting. Har du ein gamal genser? Då kan du lage eit nytt plagg av han i staden for å kaste han. 

Her er nokre eksempel på oppsirkulerte gjenstandar:

Her er ein stol laga av pandabamsar! Me ser stolbeina under, men det er tydeleg at bamsane er hovudblikkfanget. Alle bamsane er veldig like som skapar ein heilhet i stolen. Så viss du har mange bamsar som du ikkje treng er jo dette ein ide. 

Her ser me to ryggsekkar laga av gamle jakker. Desse er laga av CARRO, dei har laga ein kolleksjon med vesker og sekkar laga av gamle slips og jakkar. Alle sekkane og veskene er unike og handlaga. Her har me nok eit bevis på at ein ikkje treng å kaste gamle ting. 

Her ser me ein brudekjole, og du hadde kanskje aldri gjetta at den er laga av toalettpapir! Men det er den altså, det var laga av Katrina Chalifoux. Ho vant "cheap chick" konkurransen i 2008 med denne kjolen. Her er eit billig forslag til brudekjole, men om den er så veldig holdbar er eg ikkje sikker på. Du kan lese meir om dette her: http://www.cheap-chic-weddings.com/wedding-contest-2008.html

Dette er ei julekule laga av lego. Viss du har lego frå då du var liten og ikkje har julekuler er jo dette ei billig løysing for deg?

Her er ein stol laga av ein koffert, puter og noko som ser ut som bordbein eller stolbein. Denne stolen synes eg også har god estetikk, samstundes som det er gjenbruk. 

Du treng ikkje å kaste den gamle TVen når du kjøper deg ny flatskjerm. Kvifor ikkje laga den gamle om til ein stol i staden? På denne har dei brukt eit ullskinn inni stolen så det ikkje skal bli så hardt. Sjølve TV-skjermen har dei tatt vekk. 

Dette er ein kjole laga av skittles embalasje. så viss du har mykje embalasje kan du jo lage klede av det? 

Eller kanskje du heller vil lage ein paraply av embalasjen? Eg vil tru at denne paraplyen faktisk er vantett også, ettersom den er laga av plastikk. 


Kvifor oppsirkulering?

Som du no har sett er det veldig mange kreative forslag til oppsirkulering, men kvifor ikkje berre kjøpe noko nytt? I dag står verda ovenfor eit stort problem med søppel. Folk kastar mykje meir enn før og søppelhaugene er nokre ganger som eigne sjøar. Viss me fortsetter på denne måten blir verda full av søppel, derfor må me finne ein måte å unngå søppel. Eg synast at oppsirkulering kan i nokre tilfeller vere ei god løysing på dette problemet. Oppsirkulering gjer at det som me eigentleg skulle kaste blir brukt i staden, dessutan er det ofte billigare enn å kjøpe noko nytt. 




Redesign/Oppsirkulerer

Redesign er å omforma, fornya eller fobetra allerede eksisterande produkt. Oppsirkulering er å bruka noko slik som dei er, men redesing og oppsirkulering er ganske likt. Begge deler er noko ein kan gjera sjølv. I dag er det mange firma som sel redesigna eller oppsirkulerte produkt. Redesign kan enkelt vere å fikse opp noko, til dømes med å legga på eit nytt malingsstrøk. Ein kan også settja saman fleire møblar og skape noko nytt eller meir nytting. Redesign er på fleire måtar miljøvennleg, og du kan spara dei pengane du vanlegvis ville brukt på å kjøpe nye møblar.
        Ein fordel med at folk resirkulerer, leverer møblar til bruktbutikker eller sel det på loppemarknadar er at andre kan bruka produkta på nytt. Her kan ein også få tak i det ein treng til å lage nye produkt sjølv. Og det er meir miljøvennleg enn å produsera nye produkt av nye råmaterial. Det finnest fleire nettstadar der ein kan få idear eller kjøpa redesina produkt.
        Her er nokre produkt eg er litt fasinert over:
Hylla frå Precious, er sett saman cola-kassar frå 50 tallet og raude hjul. Hylla har kanskje ein del fliser, men eg kunne godt tenkt meg ei liknande hylla.


Her har ein kjøkkenstol  frå Precious vorte til både trapp og stol. Ein veldig grei husmorsstol, som er både praktisk og dekorativ.
Mad Max, er eit salongbord  frå Precious, som er sett saman av ei bordplate frå 50-tallet og eit eldre stolunderstell med hjul. Bordet har  brems og hydraulisk høgdejustering.


Ståvebordet frå vivoli, er ein gammal koffert, som i følge vivoli var pensjonert i 1954 og var med over atlanteren på 1940-tallet. Kofferten har fått bordbein og glassplata.


Bikefuniture lager møblar av hovudsakleg gammle sykklar. Stolen her er laga av deler til sykkelhjul og bilbelter. På internett sida står det at om ein gir dei deler kan du få rabattar på det dei lage.

Desse barstolane er også laga av Bikefuniture.  


 Detta og bilete under fant eg på lionhug sin blogg. Casette tape lamp er laga av Transparent House
Laga av curbly. Eg og Susanne fant ut det hadde vore veldig kult å hatt noko slikt rundt prosjektoren i klasserommet.

created at: 12/12/2011
Veggen er laga av Sarah Frost og er laga av knappar frå gammle datatastatur.
Detta fant eg på mojomagasin.no, der står det blant anna om Stormberg som sel friluftsplagg i fleece som er laga av resirkulerte flasker.

Bærekraftig design

Mange produkter som blir laget i dag, er ikke bærekraftige på lang sikt. Endte det er materialet de er laget av, eller om det er måte de blir laget på så er problemer, er det mange produkter som gjør mer skade enn nytte. I vårt samfunn er det viktigere å få solgt produktene sine, enn å spare miljøet. I 2007 ble det produsert 260 millioner tonn plast i verden, og ikke all den plasten blir resirkulert, mye havner i naturen og forurenser å den måten. Bare for å lage plast trengs olje og gass, men i dag er det kommet plast som blir produsert ved hjelp av sukker, mais, soya osv. Dette kalles bioplast. I dag blir det lagd krukker, sugerør, innpakningsplast til matvarer, søppelposer, teposer og blyantspissere. Noen som er opptatt av miljøet er IKEA, på hjemmesiden deres for du en forklaring på hvor materialet kommer ifra, som for eksempel på Dvala dynetrekk og putevar står denne forklaringen:
"Miljø
Bomull dyrket på en mer bærekraftig måte, med vesentlig redusert bruk av vann, kunstgjødsel og sprøytemidler, sammenlignet med bomull dyrket konvensjonelt.
Fornybart materiale (bomullen).
Ingen optiske hvitemidler
Tekstilkonstruksjon som bruker 15 % mindre bomull sammenlignet med konvensjonelle bomullsprodukter, samtidig som kvaliteten beholdes."

Økologisk produsert bomull er den mest miljøvennlige. De bruker grøntgjødsel i stedet for kunstgjødsel, de bruker ikke giftige midler for å bli kvitt insekter og uønskede planter. De holder en likevekt mellom naturlige fiender i naturen, så ikke en type insekt tar over, og de luker for hånd eller med små maskiner. Når bomullen skal høstes, blir det gjort for hånd, så det ikke trenges kjemikalie for å få bladene til å falle av. Produktene er også merket med ”Fair trade” som gjør at bøndene for ordentlig betalt for arbeidet de gjør.

Kilder:


Vivolo.no

Vivoli.no

Det heile starta med to jenter, Hilde og Ane, som har stor lidenskap for møbeldesign, miljø og gjenbruk. Dei tek for seg gamle nedslitne ting som dei finn rund om kring og pussar dei opp. Dei byrja i det små i leilegheita til Hilde å skape om møblar. Etter kvart fekk dei seg eit arbeidslokale der dei kunne boltre seg i større skala. No held dei til i Gamlebyen i Oslo, der dei har sin eigen verkstad og kontor. Dei sel produkta sine på nettbutikken sin Vivolo.no, som dei eig og driv heilt sjølv.

Dei har møblar i forskjellige formar og tidsepokar. I tillegg har dei andre gjenstandar som dei pussar opp og gjer nytt liv i. Pyntegjenstandar som spegl, rammer og lysestakar. Dei har eit godt utval til både store og små, krakkar, stolar, hyller, kommodar og bord. Dei har eit svært leikent og sprekt uttrykk, med fine fargar og mønster i alle variantar.

Etter det eg kan sjå er det ikkje gjort så mykje med møblane og tinga. Dei har ofte berre gjedd dei eit nytt malingsstrøk, kanskje reparert dei om dei var øydelagde og trekt om stoffet som var på. Dette gjer at møbelet blir litt nytt, men har fortsatt sitt gamle preg og funksjon.






































































Inga S. Hereid

Nederlandske Studio Jo Meesters

Bærekraftig design frå SNL.NO: , designprosess der designeren tar hensyn til miljø på lik linje med kvalitet, teknologi, estetikk, ergonomi etc. Innebærer å finne alternative designløsninger slik at produktet forårsaker lavere miljøbelastning totalt sett.

Studio Jo Meesters
 er eit nederlandsk firma som driv med bærekraftig design. Dei har laga ein serie som heiter PULP. Pulp er ein kolleksjon av interiørprodukter  laga av resirkulert papir, lim og vatn. Innsiden av produktene er behandla med epoxy, som gjer den sterk og vanntett.
Eg trur grunnen til at dei lagar møblar på denne måten er at no for tiden er så opptatt av miljøet, og folk vil også ha miljøvennlige ting. Og for å ta vare på miljøet er det mykje betre å gjere om gammalt papir og lage møblar av det, i staden for å hugga ned den dyrebare regnskogen.

Sjølve kolleksjonen er veldig tøff, men måten bildene av kolleksjonen er tatt på gjer det heile ekstra spennande. Stylingen, fotograferinga, oppsettet og ikkej mins produktene.




Eg synst spessielt lampen på det øverste bilete var veldig tøff!


Tar med noen flere produkter fra samme firma. Dette skapet er sandblåst og perforert og designet med en ide om å forbedre kasserte møbler ved å bruke nye teknikker. Jeg synes de har klart det veldig bra!

Dette var berre ein av dei mange kolleksjonane deira. For meir informasjon om både firmaet og fleire kolleksjonar, gå inn på: Studio Jo Meesters

DIY : Upcycling & Recycling!



DIY- Do It Yourself.


Over ser du eit bilete av ei lommebok lagd av ein gammal kassett, litt tøy og ein glidelås. Dette produktet er under konseptet DIY, Do It Yourself. Konseptet skal prøve å minske handling av ferdige ting når du allereie har ting du kan lage til noko annerledes.
 
Kvifor skal du kjøpe sminke når du kan lage din egen?  
Kvifor skal du kjøpe eit nytt skjørt når du har ein gammal kjole du ikkje bruker?
Klipp og sy, bland og brenn.
Uansett, så er DIY-bevegelsen veldig fascinerande og har starta opp fleire blogger og internettsider som www.instructables.com, 
som er full av oppskrifter som folk legger inn,
om så berre på mormors kjeks til korleis du lager ein leikebåt av gamle tinnbokser.
Mesteparten er veldig bra og enkelt tillaga!


DIY er veldig fokusert på å spare på ressurser og bruker både recycling og upcycling. Recycling er å gi liv til eit gammalt produkt, gjere ein genser om til ein kjole. Upcycling er å gjere noko kasteferdig om til noko nyttig, for eksempel eit hårband lagd av plastikkpose.

  
 


Fleire designhus og store kjeder har lagd det til eit mål å ha resirkulert tøy eller oppsirkulerte klesplagg, for å følge trenden blant massene.
Folket lager eigne smykker, møbler, klær, sminke, hygiene produkt og kjerringråd-medisiner dukker opp overalt. Folk begynner å dukke ned i gamle dagbøker for å lese oppskrifter på ansiktsrens av egg og bakepulver, symaskiner blir henta fram fra loftet.

 Ein einslig sokk treng du ikkje kaste: me har oppskrift på ein søt liten dinosaurbamse du kan lage på ein halvtime!
 Takk nei til poser på butikken: Du har eit handlenett lagd av tomme drikkekartonger som er fargerike og stilig.

 Gamle møbler blir nye møbler, du bestemmer sjølv i kva grad du vil lage dei. Dei kan bli skikkelig fine viss du legger godviljen til!
 Arvegods du ikkje har nytte av, men ikkje vil kaste. Alt kan bli noko bedre, noko nyttig. Ikkje kjøp og kast, kjøp og bruk, kjøp og forandre.
Faktumet er at folk ser den mørke siden til konsumerismen, den avsindige kjøpemanien som har prega denne generasjonen, og eit stort fleirtal bryter seg laus. Dei går tilbake til naturen, dei bruker kreativiteten sin, dei bruker eigne hender. Dei sparer penger, dei får bedre helse og skil seg ut i mengden. Uansett er dette ein forbedring, om det så er ein liten prosentdel av folket.




Av: Sunniva Medås


http://www.instructables.com
http://www.craftster.org

Norsk Designråd

Norsk designråd var oppretta i 1963. Tanken bak de var å få nyskapande designarar (og kanskje litt meir erfarne) opp og fram! og å få konkurranse utsetta markede meir. I dag får stiftelsen økonomisk støtte frå Nærings- og handelsdepartemanget for sitt gode arbeid.


Årleg delar stiftelsen ut mellom anna desse prisane: Merket for god design, Klassikerprisen, Hedersprisen og unge talent. Det er ein spanande ting å følga med på kvart år fordi dei som vinn er alltid kreativ og nyskapande. Får å få klassikerprisen er vinnaren nødt til å ha vunne merket for god design tidlegare, men uansett er krava til å få klassikerprisen satt ganske høgt.


Kronprinsesse Mette-Marit er ganske opptatt av å beskytte Norsk Designråd utad.

Her kjem eit døme på eit ungt talent med ein knall tøff idee som er nominert til prisen ungt talent.



// bilde henta frå www.norskdesignråd.no


Designaren heiter Kristine Bjaadal. Ideen hennar var å få den stakkars personen som skulle vær så uheldig å søle på duken under ein middag til å føle seg betre. Ideen er som du ser på bilete. Når duken blir våt så blir den våte flekken til eit flott mønster! Til og med når ein søle raud vin på den! utruleg kul idee synst eg!

mandag 12. desember 2011

Kristian Aadnevik

Kristian Aadnevik
Av : Else Neset





Kristian Aadnevik er norsk, og fødd i Bergen i 1978. Han er motedesigner og utdanna ved Royal College of Art i London. Han var ferdigutdanna der i 2002. Han har presentert kolleksjonen sin på London fashion week, og samarbeida med blant anna Harrods international, og Robert Cavalli. Han har designa klede til mange kjendisar ; Beyonce, Britney Spears, Rihanna og Cheryl Cole er nokon av dei.


Kristian  designer klede som er sexy, overdådige, dystre, smidige og glamorøse.

Han meiner at ved å designe klede blir han ein del av ein sosial evolusjon. Han er kjent for å bruke veldig eksklusive materialar, og hans siste kolleksjonar innehelder mye glamour og rock' n roll. Ein krysning mellom det gotiske og det romantiske, med en touch av disco! Om sin egen stil seier Kristian at han hentar inspirasjon frå frekke showgirls så vel som hans egen bestemors glamorøse stil


Han er tatt under vingane til Donatella Versace, i tillegg til at han er utnemnt til en av de mest lovande designarane i tidq framover av The Daily Telegraph og Sunday Times. Han er ofte å sjå i motemagasin verden over, og har forhåpentlegvis ei lys framtid. Plagga selges i butikkar i England, USA, Frankrika, Italia, Japan, Spania, Sveits, Russland, Dubai og Norge.'




Han seier sjølv : ” Eg prøver å skape noe virkelig originalt inspirert av historie og erfaring”.
Kjelder :
Kristian Aadnevik:  http://www.kristianaadnevik.com