tirsdag 13. desember 2011

Oppsirkulering

Oppsirkulering
Oppsirkulering? Kva er det? Oppsirkulering er det norske ordet for "upcycling", og det går ut på å bruke ting for å lage nye ting. Det blir ikkje det same som å resirkulere, for då brukar ein kanskje berre nokon delar av tingen ein skal resirkulere, og når ein resirkulerer øydelegg ein ofte tingen for så å skapa noko nytt... Flasker blir blant anna resirkulert. 

Når det gjelder oppsirkulering er det berre til å vere kreativ! Ein kan omtrent lage noko av kva som helst, og på den måten unngå å kaste ting. Har du ein gamal genser? Då kan du lage eit nytt plagg av han i staden for å kaste han. 

Her er nokre eksempel på oppsirkulerte gjenstandar:

Her er ein stol laga av pandabamsar! Me ser stolbeina under, men det er tydeleg at bamsane er hovudblikkfanget. Alle bamsane er veldig like som skapar ein heilhet i stolen. Så viss du har mange bamsar som du ikkje treng er jo dette ein ide. 

Her ser me to ryggsekkar laga av gamle jakker. Desse er laga av CARRO, dei har laga ein kolleksjon med vesker og sekkar laga av gamle slips og jakkar. Alle sekkane og veskene er unike og handlaga. Her har me nok eit bevis på at ein ikkje treng å kaste gamle ting. 

Her ser me ein brudekjole, og du hadde kanskje aldri gjetta at den er laga av toalettpapir! Men det er den altså, det var laga av Katrina Chalifoux. Ho vant "cheap chick" konkurransen i 2008 med denne kjolen. Her er eit billig forslag til brudekjole, men om den er så veldig holdbar er eg ikkje sikker på. Du kan lese meir om dette her: http://www.cheap-chic-weddings.com/wedding-contest-2008.html

Dette er ei julekule laga av lego. Viss du har lego frå då du var liten og ikkje har julekuler er jo dette ei billig løysing for deg?

Her er ein stol laga av ein koffert, puter og noko som ser ut som bordbein eller stolbein. Denne stolen synes eg også har god estetikk, samstundes som det er gjenbruk. 

Du treng ikkje å kaste den gamle TVen når du kjøper deg ny flatskjerm. Kvifor ikkje laga den gamle om til ein stol i staden? På denne har dei brukt eit ullskinn inni stolen så det ikkje skal bli så hardt. Sjølve TV-skjermen har dei tatt vekk. 

Dette er ein kjole laga av skittles embalasje. så viss du har mykje embalasje kan du jo lage klede av det? 

Eller kanskje du heller vil lage ein paraply av embalasjen? Eg vil tru at denne paraplyen faktisk er vantett også, ettersom den er laga av plastikk. 


Kvifor oppsirkulering?

Som du no har sett er det veldig mange kreative forslag til oppsirkulering, men kvifor ikkje berre kjøpe noko nytt? I dag står verda ovenfor eit stort problem med søppel. Folk kastar mykje meir enn før og søppelhaugene er nokre ganger som eigne sjøar. Viss me fortsetter på denne måten blir verda full av søppel, derfor må me finne ein måte å unngå søppel. Eg synast at oppsirkulering kan i nokre tilfeller vere ei god løysing på dette problemet. Oppsirkulering gjer at det som me eigentleg skulle kaste blir brukt i staden, dessutan er det ofte billigare enn å kjøpe noko nytt. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar