mandag 12. desember 2011

En pose her og en pose der

"En pose her, en pose der" ein setning mange av oss har høyrd før, eller lese. For denne setniga står på Kiwi sine handlenett. Handlenett som du kan kjøpe og bruk o
m og om igjen. Dette handlenettet blir kanskje mest brukt når det gjeld mathandling, men det er ikkje berre der behovet for posar er stort.


I dei flestebutikkar du er innom og handlar i, får du varene dine i ein plastpose. Desse posane kan gjenvinnast, men når dei blir laga blir det brukt olje, og som me alle veit er olja ein ikkje-fornybar energikilde. Det tar også veldig lang tid for naturen å bryte ned ein slik plastpose om den blir kasta utanfor bosspann.
Nokre butikkar brukar papirposar i staden for posar laga av plast fordi dei trur at det er betre for miljøet. Men det visar seg faktisk at posar laga av papir kan vere meir belastande for miljøet enn plastposar. Dette er fordi det trengst meir vatn og energi til laginga av papirposar, og avfallsmengda er større.

Om me ser bort ifrå papirposane og plastposane, og kjem tilbake til handlenetta eg nemnte begynnelsen ser me at det er fleire og fleire butikkar som har begynt å selje slike handlenett som ein kan bruke om att mange gonger. Det fins mange ulike design på desse handlenetta, og veldig mange kjøper dei. Men me treng ikkje bruke pengar på eit slikt handlenett, for når ein ser på redesign er det store muligheter. Ein kan lage slike handlenett av omtrent alt mulig ein har. Ei gammal bukse, eller ein gensar kan lett syast om til eit slikt handlenett.


Kjelder:
Bilete:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar