mandag 19. desember 2011

Bærekraftig design

Berekraftig design


Berekraftig design går ut på å finna løysingar der designprodukt forårsakar lågare miljøbelasting. Det skal bli tatt omsyn til både miljø, kvalitet, teknologi, estetikk, etikk og ergonomi. Omgrepet berekraftig design blir ofte brukt parallelt med omgrepet økodesign. Det vil seia miljødesign, design der det er sterkt fokus på at miljøet skal ta minst mogleg skade av designinga.

Berekraftig design kan vera svært mykje forskjellig. Det kan vera alt frå hus som er laga for å ikkje skada naturen til små bruksgjenstandar som er laga og utforma på ein miljøvenleg måte. Det er likevel svært mykje anna som går inn i omgrepet berekraftig design. Blant anna er miljømerka som blir utforma for ulike varer eksempel på berekraftig design.

Eit av desse miljømerka er svanemerket. Det er det offisielle nordiske miljømerket. Mange trur at svanemerket berre vart laga for at folk skal sjå kva varer som er miljøvenlege. Det er likevel to grunnar til at svanemerket vart laga. Det eine er sjølvsagt at forbrukarane skal vera klar over kva produkt som er miljøvenlege og slik skal kunna foreta gode miljøvurderingar. Det andre er at merket skal påverka produsentane til å laga miljøtilpassa varer og tenester. Det blir lagt stor vekt på at for å få svanemerket må varene eller tenestene vera svært miljøtilpassa heile vegen frå råvare til produksjon, bruk og avfallshandtering.

Fair Trade er eit anna merke som skal hjelpa forbrukarane å gjera gode bevisste val av produkt. Fair Trade skal sikre produsenten av ei vare eit minimum av rettigheitar. Blant anna er dette garantert minsteløn, løn ved sjukdom og liknande og retten til å danna fagforeiningar. Omgrepet Fair Trade er mest brukt i forbinding med handel mellom I-land og U-land. Ofte er rettane til arbeidarar i U-land dåleg ivaretekne. Bønder og andre arbeidarar i U-land må arbeida under slaveliknande forhold, medan mellomledda i handelen tenar mykje meir enn dei burde. Fair Trade prøver derfor å sørgja for at varene går mellom så få mellomledd som mogleg på vegen frå produsent til sluttforbrukar.

Nøkkelhullmerket er også eit slikt merke. Det skal hjelpa folk til å kjøpa sunnare mat. Både i Noreg, Sverige og har myndigheitene avgjort at nøkkelhullsmerket skal vera symbolet for sunnare matvarer. Mat og helsetilsynet i dei tre landa har saman avgjort kva kriterium som skal avgjera kven som får nøkkelhullsmerket. Kosthaldsutfordringane  er mykje dei same i heile Norden. Det gjer at samarbeidet fungerar naturleg mellom landa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar