mandag 12. desember 2011

Kristian Aadnevik

Kristian Aadnevik
Av : Else Neset





Kristian Aadnevik er norsk, og fødd i Bergen i 1978. Han er motedesigner og utdanna ved Royal College of Art i London. Han var ferdigutdanna der i 2002. Han har presentert kolleksjonen sin på London fashion week, og samarbeida med blant anna Harrods international, og Robert Cavalli. Han har designa klede til mange kjendisar ; Beyonce, Britney Spears, Rihanna og Cheryl Cole er nokon av dei.


Kristian  designer klede som er sexy, overdådige, dystre, smidige og glamorøse.

Han meiner at ved å designe klede blir han ein del av ein sosial evolusjon. Han er kjent for å bruke veldig eksklusive materialar, og hans siste kolleksjonar innehelder mye glamour og rock' n roll. Ein krysning mellom det gotiske og det romantiske, med en touch av disco! Om sin egen stil seier Kristian at han hentar inspirasjon frå frekke showgirls så vel som hans egen bestemors glamorøse stil


Han er tatt under vingane til Donatella Versace, i tillegg til at han er utnemnt til en av de mest lovande designarane i tidq framover av The Daily Telegraph og Sunday Times. Han er ofte å sjå i motemagasin verden over, og har forhåpentlegvis ei lys framtid. Plagga selges i butikkar i England, USA, Frankrika, Italia, Japan, Spania, Sveits, Russland, Dubai og Norge.'




Han seier sjølv : ” Eg prøver å skape noe virkelig originalt inspirert av historie og erfaring”.
Kjelder :
Kristian Aadnevik:  http://www.kristianaadnevik.com

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar