tirsdag 13. desember 2011

DIY : Upcycling & Recycling!



DIY- Do It Yourself.


Over ser du eit bilete av ei lommebok lagd av ein gammal kassett, litt tøy og ein glidelås. Dette produktet er under konseptet DIY, Do It Yourself. Konseptet skal prøve å minske handling av ferdige ting når du allereie har ting du kan lage til noko annerledes.
 
Kvifor skal du kjøpe sminke når du kan lage din egen?  
Kvifor skal du kjøpe eit nytt skjørt når du har ein gammal kjole du ikkje bruker?
Klipp og sy, bland og brenn.
Uansett, så er DIY-bevegelsen veldig fascinerande og har starta opp fleire blogger og internettsider som www.instructables.com, 
som er full av oppskrifter som folk legger inn,
om så berre på mormors kjeks til korleis du lager ein leikebåt av gamle tinnbokser.
Mesteparten er veldig bra og enkelt tillaga!


DIY er veldig fokusert på å spare på ressurser og bruker både recycling og upcycling. Recycling er å gi liv til eit gammalt produkt, gjere ein genser om til ein kjole. Upcycling er å gjere noko kasteferdig om til noko nyttig, for eksempel eit hårband lagd av plastikkpose.

  
 


Fleire designhus og store kjeder har lagd det til eit mål å ha resirkulert tøy eller oppsirkulerte klesplagg, for å følge trenden blant massene.
Folket lager eigne smykker, møbler, klær, sminke, hygiene produkt og kjerringråd-medisiner dukker opp overalt. Folk begynner å dukke ned i gamle dagbøker for å lese oppskrifter på ansiktsrens av egg og bakepulver, symaskiner blir henta fram fra loftet.

 Ein einslig sokk treng du ikkje kaste: me har oppskrift på ein søt liten dinosaurbamse du kan lage på ein halvtime!
 Takk nei til poser på butikken: Du har eit handlenett lagd av tomme drikkekartonger som er fargerike og stilig.

 Gamle møbler blir nye møbler, du bestemmer sjølv i kva grad du vil lage dei. Dei kan bli skikkelig fine viss du legger godviljen til!
 Arvegods du ikkje har nytte av, men ikkje vil kaste. Alt kan bli noko bedre, noko nyttig. Ikkje kjøp og kast, kjøp og bruk, kjøp og forandre.
Faktumet er at folk ser den mørke siden til konsumerismen, den avsindige kjøpemanien som har prega denne generasjonen, og eit stort fleirtal bryter seg laus. Dei går tilbake til naturen, dei bruker kreativiteten sin, dei bruker eigne hender. Dei sparer penger, dei får bedre helse og skil seg ut i mengden. Uansett er dette ein forbedring, om det så er ein liten prosentdel av folket.




Av: Sunniva Medås


http://www.instructables.com
http://www.craftster.org

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar