tirsdag 13. desember 2011

Vivolo.no

Vivoli.no

Det heile starta med to jenter, Hilde og Ane, som har stor lidenskap for møbeldesign, miljø og gjenbruk. Dei tek for seg gamle nedslitne ting som dei finn rund om kring og pussar dei opp. Dei byrja i det små i leilegheita til Hilde å skape om møblar. Etter kvart fekk dei seg eit arbeidslokale der dei kunne boltre seg i større skala. No held dei til i Gamlebyen i Oslo, der dei har sin eigen verkstad og kontor. Dei sel produkta sine på nettbutikken sin Vivolo.no, som dei eig og driv heilt sjølv.

Dei har møblar i forskjellige formar og tidsepokar. I tillegg har dei andre gjenstandar som dei pussar opp og gjer nytt liv i. Pyntegjenstandar som spegl, rammer og lysestakar. Dei har eit godt utval til både store og små, krakkar, stolar, hyller, kommodar og bord. Dei har eit svært leikent og sprekt uttrykk, med fine fargar og mønster i alle variantar.

Etter det eg kan sjå er det ikkje gjort så mykje med møblane og tinga. Dei har ofte berre gjedd dei eit nytt malingsstrøk, kanskje reparert dei om dei var øydelagde og trekt om stoffet som var på. Dette gjer at møbelet blir litt nytt, men har fortsatt sitt gamle preg og funksjon.






































































Inga S. Hereid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar