mandag 5. mars 2012

上海环球金融中心


Shanghai World Financial Center

Shanghai World Financial Center, ser ut som ein gigantisk flaskeåpnar. Den er en skyskraper som innheld kontorer og eit hotell, av alle ting. Den sto ferdig i 2008, etter at dei begynte bygginga i 1997. Den ligger i Lujiazui i distriktet Pudong i Kina, og er den høgaste bygningen i Kina med sine 492 meter.

Bygningen er tegna av Kohn Pedersen Fox Associates og East China Architecture and Design Institute. Grunnen til at bygningen har det karakteristiske holet i toppen, er for å minske lufttrykket på bygningen, sånn at den skal motstå det harde været på Østkanten av Kina. Oppe ved holet har bygningen en utkikkspost som er open til folket, der du kan sjå ut over byen. Den ligger i 100 etasje, og ligger 474 meter over bakken. Det finst to til, som ligger mykje lengre nede. Du må betale et par hundre yuan for å komme helt opp, men utsikten er verdt det.


Holet var egentlig rundt, men folk meinte det såg ut som soloppgangen i det japanske flagget. Ideen av å ha ein stor skyskraper dedikert til Japan, i ein by som blei invadert og bomba av dei under andre verdskrig, virka veldig feil. Så det blei gjort rektangulært i staden, og dermed blei det ein gigantisk flaskeåpnar. Dei selger faktisk små replika av bygningen som er flaskeåpnara i gavebutikkene i første etasje. 

 Bygningen en lagd av eit stål-skjelett og glas, noko som gjer at han reflektere området rundt seg. SWFC har Kinas høgaste hotell, men kjem til å bli slått i 2014, for da står det ein ny bygning klar i nabolaget.




Kjelder:



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar