mandag 5. mars 2012

Burj Khalifa

Burj Khalifa er ein skyskrapar i Dubai. Det er det høgste bygget i verda. Bygginga vart påbegynt i 2004 og det vart opna 4. januar 2010. Tårnet fekk namnet sitt etter presidenten i De foreina arabiske emiratar. Før opninga gjekk det under namnet Burj Dubai. Bygningen er nesten 830 meter høg. Den er bygd på ein slik måte at det er mogleg å bygge han endå høgare viss nokon prøver å bygge ein skyskrapar som er endå litt høgare enn Burj Khalifa.

 Burj Khalifa er ein del av Downtown Dubai, som er eit stort område i byen som skal fungera både som turistattraksjon, forretningssenter og mykje anna. Det skal lagast fleire signalbygg i dette området. Blant anna verdas største kjøpesenter og ein fontene som skal skyte vatn 150 meter opp i lufta. Downtown Dubai er to kvadratkilometer stort og kjem til å kosta ca. 20 milliardar dollar.



Burj Khalifa vart teikna av arkitektfirmaet Skidmore. Tårnet er bygga i stål, betong, aluminium og glas. Det er inspirert av Frank Loyd Wright sine teikningar for skyskraparen Illinois i Chicago. Det var eit byggverk som etter planen skulle bli over 1,5 kilometer høgt. Burj Khalifa har 60 etasjar. Bygget inneheld over 1000 kunstverk. Det er installert 57 heisar. Desse er dei raskaste heisane i verda, og dei som går høgast.



Det er meir enn berre tårnet som høyrer til anlegget. The Dubai Fountain, som er ein enorm fontene er også ein del av anlegget. Denne fontena har satt fleire ulike rekordar og kosta 217 millionar dollar. Observasjonsdekket At the Top er også ein del av anlegget. Dette er er ein stor utkikkspost i den 124. etasjen av Burj Khalifa. Rundt tårnet er det ein stor park. Den inneheld fontener, hagar, allear, basseng og mykje anna.



Det har vore utført fleire stunt på Burj Khalifa. Blant anna har det vore utført fleire basehopp av profesjonelle hopparar. To år før bygget stod ferdig var det to personar som hoppa utan tilating etter at dei tok seg ulovleg inn i bygget forkledd som bygningsarbeidarar. I tillegg har fjellklatraren Alain Robert klatra opp fasaden på tårnet. Det tok seks timar. Det mest kjente stuntet var likevel innspelinga av filmen Mission Impossible der fleire scenar føregår på fasaden til tårnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar