tirsdag 6. mars 2012

Tower bridge



Towerbridge strekk seg over elva Themsen i London. Den vart bygd i 1894 som ei klaffbru som skulle binde saman dei to bydelane Tower Hamlets og Southwark. Brua er 244meter lang,
16 meter brei og veg om lag 11.000 tonn. Tårnene er 89 meter høge og er bygd i
same arkitektonisk stil som det kjende Tower of London.

Brua vart på det mesteopna om lag 1000 gonger i året slik at passerande skip kunne komme igjennom. I dag har dette talet blitt redusert til om lag berre 100 gonger per år! Brua
vart tidligare opna ved hjelp av seks dampdrevne maskiner som i seinare tid har
blitt erstatta med elektrisk drivkraft.
I dag er brua eit av Londons svært berømte landemerke. Som har om lag 380 000 besøkande
turistar kvart år. I dei to tvillingtårnene vert det blant anna arrangert kunst
utstillingar av forskjellig sort, vist filmar og bilete som ein dokumentasjon
på korleis brua vart bygd (om ein er interessert i historie!). I eit av tårnene
finnes det eit permanent dampmaskin museum også.
Brua har også to gangbruer plassert 42 meter opp mellom tårnene. Desse er svært populære blant turistar.
Her for ein utsikt over mange andre landemerker i London, som for
eksempel London eye, St. Pauls Cathedral og skyskraparen Canary Wharf. Desse
gangbruene er faktisk innkapsla i glass. Dette på grunn av at tidligare når det
var berre to enkle gangbruer var det mange som enkelt kunne begå sjølvmord der.
Ved inngangen på Tower bridge finn du eit billett kontor og ein souvenir butikk som selger både gåver og bøker.
Dette er absolutt ein plass å besøke om du er i London ein gang!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar