tirsdag 10. januar 2012

Valentino Garavani

Valentino Garavani er ein italiensk motedesignar. Han har i over 40 år vert ein av verdens viktigaste og rikaste designar. Kleda hans gjer vakre kvinner, enda vakrare.


”Det er kun tre ting jeg kan. Lage en kjole, dekorere et hus og holde selskaper” –Valentino



Han var fødd i ein liten småby Nord i Italia i 1932. Allereie som 4 åring var han oppatt av kva foreldra kledde på han. Alt var ikkje godt nok, han viste kva han ville ha. Karriere hans begynte då han begynte å teikne. Han laga då moteteikninga.

Seinare begynte han å studere mote i Paris, i heile sju år. Han fekk så sin første jobb på motehus hos Jean Dessês i 1950, han var då ein av verdas ledande motedesignara. Her lærte Valentino og lage vakre ball og aftenkjolar i chiffon og andre eksklusive stoffar.

Ni år seinare starta han sitt eige haute couture ( skreddarsaum etter mål ) motehus i Roma. Han møtte da ein arkitekstudent som han jobba i lag med. Han heite Giancarlo Giammetti. Dei hadde i tillegg til å jobbe i lag eit romantisk forhold.

Eit av kjenneteikna til Valentino er at han elskar rødt. Så han bruker mykje rødt i kreasjonane sine.


Han vart kjent etter sitt helhvite moteshow i 1968 ; Collezione Bianca. Stoffet han brukte kosta over 16000 kr for halvmeteren. Han markerte alle kleda sine med ein V bak i.
I 1970 lanserte han sin første ” ready to wear collection”, og åpna butikkar i Roma og New York. Han brukar og mykje gull og svart. Han følgjer veldig reine og klare linjer. Kleda hans er veldig glamorøse, overdådige og elegante. Kleda er skapt for å framheve dei feminine formene til kvinnene.  Han har designa utallige Oscar kjolar og brudekjolar til mange kjendisar. Han har blant anna kledd opp Prinsesse Margaret, Mette- Marit, Julia Roberts og Jennifer Lopez. Dei billigaste kjolane kostar ca. 120 000 kr og dei dyraste kjolane opp mot 2 millionar.



Valentino er ein av verdas rikaste designara og kjent for luksuslivet sitt. Han har 5 heimar og ein stab på over 50 personar. Valentino pensjonerte seg i 2008. Då hadde han sitt siste haute couture Moteshow i Paris.
Kjelder :


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar