mandag 9. januar 2012

Rest in peace - Alexander McQueen

11. februar 2010 var ein tung dag for mang ein moteelskar. Det var denne februar dagen at verden mista eit stort design ikon. Ein mann med klesdesign som var elska av mange, inkludert meg. 41 år gammal tok Alexander McQueen sjølvmord etter lange tider med depresjon og angst.

Trass i sine lidingar og problem hadde han eit enormt potensiale innan design, meir spesifikt klesdesign. Han laga den eine vanvittig flotte kreasjonen etter den andre, og var ein av dei verkeleg store designarane.

Kleda han designa er veldig dramatiske og voldsame. Det er stort og mykje som skjer på ei gong. Det er mykje av naturen som er teke med i kjolane hans, han har til og med ein heil kolleksjon som er inspirert av natur. , I tillegg kan ein kan også tenkje seg til at alle problema hans har vore ein inspirasjon, at det er difor kleda er så dramatiske som dei er. Han kan ha brukt klesdesign som terapi, og på denne måten har lidingane hans blitt ein del av designa.




Det han også er veldig kjend for er dei spesielle og litt rare skona han designa.



Desse skona blir kalla "gaga shoes", og er sko som Lady Gaga har brukt i ulike anledningar.

Her er eit lite klipp frå avslutninga på eit moteshow der mange av modellane brukar slike "gaga shoes". Det er også brukt ein av songane til Lady Gaga medan modellane går på catwalken.

Berre for å nemne ein ting heilt til slutt som han også er veldig kjend for: hovudskalle skjerfet. Det var han som gjorde dette veldig populært blant alle moglege menneske, spesielt kjendisane. Dei brukte, og brukar, det flittig.

Sjølv om Alexander McQueen er død lever motehuset hans vidare med Sarah Burton i spiss, og han vil aldri bli gløymd som den store designaren han var.


Kjelde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar