mandag 9. januar 2012

Alvar Aalto

Alvar Aalto





Hugo Alvar Henrik Aalto vart født i 1898 i Kuortane og døydde i 1976 i Helsingfors. Han var ein finsk arkitekt og designar. Han var ein av dei mest berømte finske arkitektane i historia. I tillegg til å vera arkitekt og designar var han også byplanleggar og formgivar.



Aalto var ein av dei mest kjende arkitektane gjennom historia. Innanfor moderne arkitektur var han ein svært sentral person. Aalto blir sett på som ein funksjonalist som prøvde å skapa enkle, geometriske, vakre og fungerande bygningar. Ved ein del tilfeller har enkelte delar av bygningane hans vist seg og fungera dårleg i praksis som fylgje av at Aalto legg så stor vekt på at det skal sjå estetisk og vakkert ut.


Eit av bygga han teikna var Finlandiahuset i Helsingfors. Det er eit konserthus og kongressenter som stod ferdig i 1971. Det er plass til 1700 personar i konsertsalen. Bygget er langt og har eit auditorium som skyt opp som eit tårn på midten. Fasaden er dekka av marmor og taket er dekka av kobbar.



Eit anna av dei mest berømte bygga til Aalto var Operahuset i Essen i Tyskland. Eit av særtrekka ved auditoriet er den asymmetriske designen og dei indigofarga seta.



Aalto var også ein kjend designar. Han designa mange ulike gjenstandar i ulike material.  Ein av dei mest kjende kunstgjenstandane som Aalto har formgitt er vasen Savoy frå 1936.I tillegg vart møblane hans svært kjende. Spesielt stolane, lenestolane og dei tre- og firebeinte krakkane. Krakkane til Aalto er dei mest kopierte av møblane hans.



Aalto var professor i arkitektur ved Cranbrook Academy of Architecture og Tekniska Högskolan, Helsinki. Han var også æresmedlem av mange arkitektorganisasjonar, æresdoktor 1960 ved Noreg sin tekniske høgskule.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar